Wednesday, March 28, 2007
Praha, avreise
Tuesday, March 27, 2007
Praha dag 3 a
På nasjonalgalleriet er det totalt fotoforbod, så eg viser heller nokre av gutane på vent utanfor. Her må det seiast at nokre av elevane våre hadde ein litt hard dagen derpå, og sjølv om det aldri utarta i retning av ei krise, betalte dei den siste dagen i form av forbod mot å drikke anna enn brus, i tillegg til at dei måtte vere heime ein time tidlegare. Bildet er berre meint som illustrasjonsfoto, og personane på bildet har ikkje nødvendigvis med denne saka å gjere.
Dette var altså siste kvelden i Praha, og dei fleste av elevane var på ein eller annan klubb eller liknande resten av kvelden. Vi lærarar sat sjølvsagt berre og venta på elevane. På bildet til venstre ser du falkeblikket til Terje i det han meiner han ser ein elev klar for avkryssing, medan Brita fortel Jostein ei spennande historie om veska ho har i hendene.
Monday, March 26, 2007
Praha, dag 2 b
Tilhøyrande denne synagoga var òg ein jødisk gravlund. Jødane har ikkje lov til å endre gravene når dei er sett opp, så derfor byrjar dei i ein ny etasje oppå dei andre gra
Jødane legg i tillegg steinar på toppen av gravsteinen når dei vitjar ei grav, heller enn å legge blomar (jamfør bildet til høgre, som skulle ha vore snudd med klokka. Legg hovudet på skakke). Det er to forklåringar på dette. Anten stammar det frå ørkenvandringa, då jødane berre kunne gravleggje sine døde ved å leggje steinar oppå dei,
Ei anna interessant opplysing vi fekk ved den siste synagoga vi besøkte: Denne synagoga tilhøyrte reformerte jødar som kom hadde blitt fordrivne frå Spania av maurerane på 1100-talet. For å demonstrere rikdom blei synagoga til desse jødane (etterkomarane i alle høve, sidan synagoga blei bygd seinare) dekorert med motiv frå Alhambra, altså maurisk kunst. Denne synagoga tillet altså orgelmusikk (dei første organistane var jamvel kristne, sidan det ikkje eksisterte jødiske organistar), i tillegg til at ho er dekorert med islamsk-inspirerte motiv (finn i farta ingen bilder herifrå).
Praha, dag 2 a
Sunday, March 25, 2007
Dag 1 i Praha
Vi har altså vandra frå borgplassen med utsikt over heile byen, ned til Karslbrua, som går over Moldau, og fått ei lita innføring i Prahas historie. Bildet til venstre over er eit gammalt palass som no er bygninga til Tsjekkias UD, med det tsjekkiske flagget til venstre og EU-flagget til høgre, oppå sjølve bygget. Filip er overtydd om at EU-flagget til slutt, om mange år, kjem til å få ei siste stjerne i midten av sirkelen, som då representerer Noreg. Han er òg medlem av riksmålsforbundet (med både riksmålsforbundsryggsekk og -pin), noe eg tru
Til høgre: Ein gammal bygning frå borg-området. Viss du ser nøye etter, ser du at nokre av vindauga er målte på. I gamle dagar betalte innbyggjarane eigedomsskatt etter antal vindauge, så for å få råd til å ha eit hus som såg staseleg og symmetrisk ut, var løysinga å redusere antal vindauge, og måle resten på.
Resten av dagen hadde elevane fri til å vandre rundt, shoppe, osv., og det same hadde også vi lærarar. Etter ein liten kvil tok vi turen til sentrum for å finne ein restaurant som serverte ekte tsjekkisk mat. Det fann vi, jamfør nokre av bilda under. Det tradisjonelle tsjekkiske kjøkenet viste seg kan hende ikkje frå den beste sida denne dagen; i alle høve var det vanskeleg å få ned maten, som uansett i ein eller annan variant bestod av feitt kjøt, sky frå kjøtet, lunkne grønsaker og loffskjever med rosin.
Elevane har oppført seg eksemplarisk, og har vore punktlege og etterettelege på alle vis. Vi tok drosje frå den miserable matopplevinga i sentrum opp til hotellet, og eg avslutter her med eit flott sitat frå Torhild i drosjen på vegen heim:
Eg har tatt drosje maaaange gonger, men då helst i taxi
Turen ned: Danmark - Tsjekkia
Turen ned: Sandnes - Danmark
Elles fekk gutane nok å tenkje på då dei såg oppslaget eg her har tatt bilde av.