Sunday, March 25, 2007

Turen ned: Danmark - Tsjekkia

Vi ankom alstå Danmark kvart over eitt natt til laurdag, halvanna time etter planen, og sov oss gjennom Danmark og store delar av Tyskland, før alt for mange morgonfuglar (deriblant vår eigen Terje) gjorde det umogleg å sove meir. Vi stoppa for frukost klokka 0930 i Tyskland ein plass, og suste av garde til Dresden, også uttala Dredsen av 25% av dei 4 bussjåførane på turen, der vi stogga i ein time for å ete og strekke på beina. På bildet her ser du nokre av lærarane ete spaghetti og drikke lettøl.

Dresden, også kalla Dredsen, var ein by vi gjerne ville ha tilbrakt meir tid i, om ikkje anna så for å leite etter ruinar frå den 2. verdskrigen.

Ein time, ca., etter Dresden nådde vi grensa til Tsjekkia, og blei grundig sjekka (!) i passkontrollen grunna trøbbel med hooligans i landet i samband med fotballkampar. Bussen flaut over med noe som likna på russiske kulestøytarar, og det heile blei av ein eller annan grunn filma av nok ein kulestøytar. I løpet av denne seansen var eg for nervøs til å ta bilde. Alle kulestøytarane tok med seg passa våre til scanning i ei bu midt ute på prærien, men ingen av oss hadde nok rusk i fortida til at dei kunne halde oss igjen. Tvert om, vil eg seie, for ein av lærarane på turen har hatt ei lang nok fartstid i ML-miljøet i Noreg til at alle kulestøytarane gjorde honnør på vegen ut av passkontrollen.
Den første vegstrekninga frå grensa mellom Tyskland og Tsjekkia og inn i Tsjekkia var ny, og dermed gjekk vi glipp av det som før var det første (og triste) møtet med landet: Dei prostituerte, som stod på rekkje og rad langs vegen etter grensekontrollen (og dei mistenkeleg mange bilane med motorstopp langs den same vegen). Alle bodene med dei utruleg stygge hagenissane var òg vekke.
Om kvelden åt vi samla på ein pizzarestaurant i nærleiken av hotellet.

No comments: