Tuesday, March 27, 2007

Praha dag 3 a




I dag, siste heile dag i Praha, starta fellesprogrammet først klokka eitt, og før det var mange i byen og brukte opp resten av pengane sine. Deretter tok vi buss til nasjonalgalleriet, og tilbrakte halvanna time der, noe som viste seg å vere alt for lite.

På nasjonalgalleriet er det totalt fotoforbod, så eg viser heller nokre av gutane på vent utanfor. Her må det seiast at nokre av elevane våre hadde ein litt hard dagen derpå, og sjølv om det aldri utarta i retning av ei krise, betalte dei den siste dagen i form av forbod mot å drikke anna enn brus, i tillegg til at dei måtte vere heime ein time tidlegare. Bildet er berre meint som illustrasjonsfoto, og personane på bildet har ikkje nødvendigvis med denne saka å gjere.


Seinare, om kvelden, gjekk vi til ein restaurant for å spise middag samla, og dei fleste av elevane tok turen til byen etterpå, medan vi lærarar kvessa avkryssingsblyantane våre, fann fram elevlistene og sette oss til å vente utanfor hotellet. Bildet til venstre er av elevar under middagen, medan bildet til høgre under er freistnader frå personar med alkoholforbod på å smøre lærarane.

Dette var altså siste kvelden i Praha, og dei fleste av elevane var på ein eller annan klubb eller liknande resten av kvelden. Vi lærarar sat sjølvsagt berre og venta på elevane. På bildet til venstre ser du falkeblikket til Terje i det han meiner han ser ein elev klar for avkryssing, medan Brita fortel Jostein ei spennande historie om veska ho har i hendene.

Etter kvart kom alle elevane på plass, og vi hadde ei kjekk stund saman på restauranten/baren i same bygningen som hotellet, jamfør bildet til høgre under.



No comments: