I tillegg er her utstilt teikningar frå ungar i den einaste tsjekkiske konsentrasjonsleiren, Therezienstadt. Denne leiren var ikkje ein utryddin
gsleir, men ein mellombels stasjon for jødar som seinare blei frakta til dei ulike utryddingsleirane. Her var sjølvsagt mange familiar, og i synagoga vi besøkte var det ei lita utstilling av barneteikningar frå Therezienstadt, med namn på ungen som hadde teikna, fødselsdato og dødsdato (bildet til venstre).
Tilhøyrande denne synagoga var òg ein jødisk gravlund. Jødane har ikkje lov til å endre gravene når dei er sett opp, så derfor byrjar dei i ein ny etasje oppå dei andre gra
Jødane legg i tillegg steinar på toppen av gravsteinen når dei vitjar ei grav, heller enn å legge blomar (jamfør bildet til høgre, som skulle ha vore snudd med klokka. Legg hovudet på skakke). Det er to forklåringar på dette. Anten stammar det frå ørkenvandringa, då jødane berre kunne gravleggje sine døde ved å leggje steinar oppå dei,
Ei anna interessant opplysing vi fekk ved den siste synagoga vi besøkte: Denne synagoga tilhøyrte reformerte jødar som kom hadde blitt fordrivne frå Spania av maurerane på 1100-talet. For å demonstrere rikdom blei synagoga til desse jødane (etterkomarane i alle høve, sidan synagoga blei bygd seinare) dekorert med motiv frå Alhambra, altså maurisk kunst. Denne synagoga tillet altså orgelmusikk (dei første organistane var jamvel kristne, sidan det ikkje eksisterte jødiske organistar), i tillegg til at ho er dekorert med islamsk-inspirerte motiv (finn i farta ingen bilder herifrå).
No comments:
Post a Comment