Sunday, March 25, 2007

Dag 1 i Praha

Denne dagen (søndag) har blitt brukt til byvandringa. Filip, vår guide, har hovudfag i norsk frå Universitetet i Praha, og er av ein eller annan grunn oppdatert i det norske språket heilt ned til det mest vulgære, noe han ikkje ser noen grunn til å legge skjul på. Den andre guiden (vi er inndelt i to grupper) høyrer eg aldri, så eg kan ikkje seie noe sikkert om ho i det heile, anna enn at ho heiter Baluba. Jo, heilt sant, sjølv om eg ikkje er heilt sikker på stavemåten. Eller var det Luba?

Vi har altså vandra frå borgplassen med utsikt over heile byen, ned til Karslbrua, som går over Moldau, og fått ei lita innføring i Prahas historie. Bildet til venstre over er eit gammalt palass som no er bygninga til Tsjekkias UD, med det tsjekkiske flagget til venstre og EU-flagget til høgre, oppå sjølve bygget. Filip er overtydd om at EU-flagget til slutt, om mange år, kjem til å få ei siste stjerne i midten av sirkelen, som då representerer Noreg. Han er òg medlem av riksmålsforbundet (med både riksmålsforbundsryggsekk og -pin), noe eg trur svært få i Praha er, og han ville slå til meg i andletet då eg fortalde om kor vakkert det hadde vore med eit samla språkleg Noreg.

Til høgre: Ein gammal bygning frå borg-området. Viss du ser nøye etter, ser du at nokre av vindauga er målte på. I gamle dagar betalte innbyggjarane eigedomsskatt etter antal vindauge, så for å få råd til å ha eit hus som såg staseleg og symmetrisk ut, var løysinga å redusere antal vindauge, og måle resten på.


Etter ei omvising rundt og ein liten tur inn i St. Vitus-katedralen, gjekk vi for å spise lunsj. Etter lunsjen vandra vi ned frå borghøgda til sentrum av byen, og over Karlsbrua. Som bildet til høgre under viser, var nokre av elevane på dette tidspunktet tissetrengde.


Under til venstre er eit bilde frå Karlsbrua ned på ein av kanalane. På bygninga til høgre i bildet ser du ei stripe, langs midten av vindauga. Stripa markerer vannstanden under flaumen i 2002.

Resten av dagen hadde elevane fri til å vandre rundt, shoppe, osv., og det same hadde også vi lærarar. Etter ein liten kvil tok vi turen til sentrum for å finne ein restaurant som serverte ekte tsjekkisk mat. Det fann vi, jamfør nokre av bilda under. Det tradisjonelle tsjekkiske kjøkenet viste seg kan hende ikkje frå den beste sida denne dagen; i alle høve var det vanskeleg å få ned maten, som uansett i ein eller annan variant bestod av feitt kjøt, sky frå kjøtet, lunkne grønsaker og loffskjever med rosin.

Til høgre ser du Terjes svinekotelett med sauerkraut og loff, og til venstre under ser du restene av Britas identiske rett. Vi var vel samde om at det var svært, svært vanskeleg å få ned, og ei gryande forståing for elevanes begeistring kvar gong dei passerer McDonalds her i byen byrjar å melde seg.

Elevane har oppført seg eksemplarisk, og har vore punktlege og etterettelege på alle vis. Vi tok drosje frå den miserable matopplevinga i sentrum opp til hotellet, og eg avslutter her med eit flott sitat frå Torhild i drosjen på vegen heim:

Eg har tatt drosje maaaange gonger, men då helst i taxi


No comments: