Sunday, March 25, 2007

Turen ned: Sandnes - Danmark

Å sitje på buss i nær 30 timar er ikkje nødvendigvis det kjekkaste ein gjer, men det har gått nokså greitt. I år var turen med båt til Hirtshals drygare enn sjølve bussturen, dels grunna forseinkingar, og vi kom til Danmark halvanna time etter planen. Underhaldninga om bord var til gjengjeld av ein slik kvalitet at det meir enn vog opp for ventinga. Aldri har vi vore nærare det totale kulturelle nederlaget enn når vi overvar ein glad synge- og dansetrupp radbrekke det som kan syngast og dansast frå 1920 og fram til våre dagar. Eg meiner at dette kan vere det viktigaste vi har opplevd på denne turen, og gler meg til å vise fram videoopptak av nokre av høgdepunkta.


Elles fekk gutane nok å tenkje på då dei såg oppslaget eg her har tatt bilde av.

No comments: